
Bedriftsturnering i Golf, Florø Golfklubb
Arrangør:
Vestland Bedriftsidrettskrets
Påmeldingsfrist: 17.08.2023 14:00
Tid
Sted
Pris
Golfturnering Florø Golfklubb, Torsdag 17. August
NB: Flytting av dato pga regn, ny dato er 17. august
Scrambleturnering med 4 personar pr lag.
Vi spelar på 12 (korte) hol.
Oppmøte kl 17:00
Premieutdeling kl 21:00
OBS hugs å melde deg på, berre 12 plassar!
Kva er scrambleturnering?
Scramble er ein speleform i golf som spelast av fire spelarar. Alle spelar ut frå start, men alle spelarane spelar vidare frå det beste utslaget. Deretter spelar alle andreslaget, og ein spelar vidare frå det beste andreslaget. Slik fortset ein fram til ballen er i holet. På denne måten kan ein oppnå lav score. Denne formen for turnering gjer det kjekt og sosialt, då ein speler ut frå same punkt på kvart slag!
Kven kan vere med?
Ein på laget må vera kjent med golf og ha golfkort/VTG kurs (tidligare grønt kort). Det er ikkje krav til golfkort hjå dei andre tre spelarane, så dersom du ynskjer å prøve golf er dette ein god moglegheit!
Pris pr lag: 1200kr for medlem (bedriftsidrettslag), 1400kr ikkje medlem av bedriftsidretten. Lån av utstyr er inkludert i prisen!
Ynskjer du at ditt lag skal bli medlem av bedriftsidretten? Ta kontakt med oss! vestland@bedriftsidretten.no
Premiering til 1,2 og 3 plass
Hovudpremien er sponsa av Pizzabakeren Florø!
Administratorer
Marie Braathen Sørum
Mobil
46414051
E-post: sorum2905@gmail.com
Kommentarer
Du må logge inn for å poste i veggen.