Image of a woman taking a photo.

Velkomne til Førdekarusellen 2026!

Klar for eit aktivt 2026? I løpet av det neste året kan du vere med på ti løp som definitivt vil få pulsen til å stige med utganspunkt i Førde sentrum og omegn. Alle kan delta – gå, spring eller kombiner begge delar. Du kan melde deg på og delta gjennom bedrifta di eller som privatperson. Registrer deg i dag, set deg mål og opplev gleda av å krysse målstreken i 2026! Få med ein kollega, slektning, nabo eller venn. Kanskje kan de bruke løpa som trening mot Førde rundt?


Kvifor bør du delta?

Varierte løyper: Kvar løype er nøye planlagt for å gi deg ei variert terreng og utfordrande oppleving. Traseen gir deg moglegheita til å velje mellom kort (ca 4-5 km) eller lang løype (ca 7-9 km). Alle start- og målområde er sentrumsnære, og vi oppmuntrar dei som kan til å sykle, jogge eller gå til start for oppvarming.

Det vert 10 løp i 2026. Tysdagar kl 19.00.

Løp 1: 14. April. Hafstadparken: Førdekarusellen, 1. løp 2026, Hafstadparken (PÅMELDING ER OPEN)

Løp 2: 28. April, Kronborg - Sunde med vending: Førdekarusellen, 2. løp 2026, Kronborg-Sunde med vending.

Løp 3: 12. Mai, Runde fra Førde VGS- Bergum/ Hornnes: Førdekarusellen, 3. løp 2026, Førde VGS - Bergum - Haugum

Løp 4: 09. Juni, Hafstadparken: Førdekarusellen, 4. løp 2026, Hafstadparken

Løp 5: 23. Juni,   Bekjavatnet rundt. 

Løp 6: 14. Juli, Kronborg - Sunde med vending: 

Løp 7: 04. August, Runde fra Førde VGS- Bergum/ Hornnes.

15. August, FØRDE RUNDT! Info og påmelding HER!

Løp 8: 25. August, Hafstadparken 

Løp 9: 15. September, Kronborg - Sunde med vending:

Løp 10: 29. September, Runde fra Førde VGS- Bergum/ Hornnes.


Helsefordeler, fellesskap og sosialt samvær: Bli ein del av eit fantastisk løpefellesskap! Møt likesinna mennesker, del entusiasmen og bygg relasjonar medan de saman kryssar målstreken. Løping har utallige helsefordeler, frå forbetra hjarte- og karsystem til auka energinivå og betre mental helse. Delta i Førdekarusellen og invester i fysisk og mental velvære!


Premier og Anerkjennelse: Vi verdsett innsatsen til kvar deltakar. Enten du vil forbetre tider eller berre fullføre alle ti løpa, er det belønningar å hente! Det blir ein uttrekkspremie blandt deltakarane på kvart løp, samt fem uttrekkspremiar på avsluttingsdagen 29. september. . Vinnar må være tilstades ved trekninga. Premiar ettersendast ikkje.


Bedriftspåmelding: Gi tilsette helsefordeler og styrk samhaldet ved å melde på lag fra bedrifta. Konkurrer mot andre bedrifter og kjenn på fordelane av å fremje god helse i ditt arbeidsmiljø. Førdekarusellen er ein flott sjanse for teambuilding – auk samarbeidet, motivasjonen og tilhørigheten i teamet ditt medan de jobbar mot felles mål utanfor arbeidsplassen.

Ynskjer bedrifta di å melde på deltakarar? Fyll inn dette skjemaet, og sendt på epost: lagsp-melding-f-rdekarusellen-2025.xlsx


Praktisk informasjon om løpet:

Aldersgrense: 15 år. Vi tilrår at du har reiseforsikring som deltakar i Førdekarusellen. Løpa har elektronisk tidtaking. Opprett brukar eller logg inn på EQ timing, meld deg på og møt opp til start! Hugs å ta vare på startnummeret, det gjeld for heile karusellen. Vi ber deg visa omsyn til trafikk og andre deltakarar. På vegar utan gangfelt, hald til venstre og vær merksam på bilar og miljøet rundt deg.

Det er ikkje tilgang til garderober på start/målområdet. Du kan spørje pent om du kan bruke kundetoalettene i butikkene i nærleiken av start/mål. Du kan legge frå deg klede ved start/mål, men vi tar ikkje ansvar for verdisaker.

Starten går presis kl. 19.00. Vi er til stades frå kl. 18.30 slik at du kan hente startnummeret i sekretariatet god tid før start. Siste frist er 10 minutt før start.


Løp uten startnr? Ynskjer du å være med, men ikkje løpe på tid med startnr? Ta kontakt via epost på førehand, og møt opp og registrer deg i sekreteriatet. Prisen er den samme, sjå under. Vi registrerer deg som "fullført". Fleksibel start frå kl 18.45-19.15! 


Pris og påmelding:

For medlemmer av Bedriftsidretten kostar det 1300 kr for å delta i heile karusellen, 10 løp (130 kr pr løp). Er du ikkje medlem av Bedriftsidretten, kostar det 1600 kr for heile karusellen. Med denne påmeldinga bruker du det same startnummeret på alle løpa (dersom du mister startnummeret, kan du kjøpe nytt for 75 kr).

Enkeltdeltakelse for medlemmar kostar 170 kr pr løp. For deltakarar som ikkje er medlem kostar det 200 kr for påmelding pr enkeltløp. Påmelding er bindane.

Ved påmelding så får du 2 valg for å logge deg inn i EQ timing. Er du medlem så bruk idrettens ID (ein loggar då inn gjennom Min Idrett). Då vil rabatten bli trekt frå ved betaling. Ikkje medlemmar brukar "SMS eingangskode"

Ta kontakt med knuteven.hole@bedriftsidretten.no eller 94459112 om du lurer på noko.

Bli medlem i Bedriftsidretten her: Opprett Bedriftsidrettslag (bedriftsidretten.no)  eller meld deg inn som enkeltmedlem (kr 150,-) 



#Førdekarusellen2025  #Bedriftsløp 

#Springkarusell #Løpskarusell i Førde

#BedriftsløpFørde