
Topptur til Blåfjellet 1164moh , Jølster
Arrangør:
Vestland Bedriftsidrettskrets
Påmeldingsfrist: 10.02.2023 13:00
Tid
Sted
Pris
Blåfjellet 1164 moh
Tidspunkt: 11.februar kl 11:00
Stad: Oppmøte på parkeringsplassen ved Helgheim kyrkje
Pris: 800kr
Nivå: Middels lett tur som passar for nybegynnarar
Middels 3 – 6 timar. Blåfjellet ligg på Nordsida av Jølstravatnet i solsida. Fjellet byr på fin utsikt ned til Skei, fjella i Fossheimsdalen, Grovabreen og utover Jølstravatnet. Det er slakt terreng på heile nedkøyringa ned til Husstøylen som gjer Blåfjellet til eit lett topp å bestige og å køyre ned frå.
Vi kan velje mellom to alternativ opp til Husstøylen. Alternativ 1 er å følgje stølsvegen som går opp til Helgheimsdalen. Den startar med eit gardstun litt ovanfor Helgheim kyrkje. Vi følgjer stølsvegen opp til ein demning. Der kryssar vi elva for å komme bort til Husstøylen. Alternativ 2 er å følgje stølsvegen som går opp til Husstøylen. Vi går vidare frå støylen i slakt terreng på nordsida av elvefaret i Husdalen retning Blåfjellet. Rett før toppen følgjer vi ein sørvend ryggformasjon mot toppen.
Nedkøyringa er same rute som oppstigninga
Utstyr: Ski, skredsøkar, bindingar med gåfunksjon, feller, skistøvlar med gåfunksjon og teleskopstavar (hodelykt på kveldstur)
Klede: Ullundertøy, lue, hals/buff, tynn jakke med gode pustegenskaper som gir beskyttelse mot vind og lette regnbyger eller genser, skallbukse/skibukse, solbriller og lette hanskar.
I sekken: Spade, søkestang, dunjakke, hjelm, skalljakke, skibriller, hanskar til nedkøyringa, mat og drikke.
Ved opptil 7 påmeldte vil vere med ein guide. Ved 8 til 15 påmelde stiller vi med 2 guidar.
Dersom du ynskjer å leige skredutstyr så ta kontakt med Brit-Helen på 41477775.
Lyst til å ha ein eigen tur berre for din bedrift/ ditt bedriftsidrettslag? Ingen problem! Da er det berre å ringe oss på 41477775 eller send epost til vestland@bedriftsidretten.no.
Administratorer
Christian Jensen
Mobil
41460184
E-post: Christian.Jensen@bedriftsidretten.no
Kommentarer
Du må logge inn for å poste i veggen.