
Hodelykttur til Blåfjellet i Sunnfjord
Arrangør:
Vestland Bedriftsidrettskrets
Påmeldingsfrist: 21.03.2022 17:30
Tid
Sted
Pris
Velkommen til Hodelykttur til Blåfjellet 1164 moh
Bedriftsidretten Vestland arrangerer i samarbeid med Olav og Carl fra Jølster Adventure hodelykttur til Blåfjellet!
Tidspunkt: 24. mars kl. 17:30.
Stad: Oppmøte på parkeringsplassen ved Helgheim kyrkje
Pris: 600,- pr. person.
Minimum 5 deltakarar for at turen vert gjennomført.
Nivå: Middels lett tur som passar for nybegynnarar
Middels 3. Blåfjellet ligg på Nordsida av Jølstravatnet i solsida. Fjellet byr på fin utsikt ned til Skei, fjella i Fossheimsdalen, Grovabreen og utover Jølstravatnet. Det er slakt terreng på heile nedkøyringa ned til Husstøylen som gjer Blåfjellet til eit lett topp å bestige og å køyre ned frå.
Vi kan velje mellom to alternativ opp til Husstøylen. Alternativ 1 er å følgje stølsvegen som går opp til Helgheimsdalen. Den startar med eit gardstun litt ovanfor Helgheim kyrkje. Vi følgjer stølsvegen opp til ein demning. Der kryssar vi elva for å komme bort til Husstøylen. Alternativ 2 er å følgje stølsvegen som går opp til Husstøylen. Vi går vidare frå støylen i slakt terreng på nordsida av elvefaret i Husdalen retning Blåfjellet. Rett før toppen følgjer vi ein sørvend ryggformasjon mot toppen.
Nedkøyringa er same rute som oppstigninga
Utstyr: Ski, skredsøkar, bindingar med gåfunksjon, feller, skistøvlar med gåfunksjon og teleskopstavar (hodelykt på kveldstur)
Klede: Ullundertøy, lue, hals/buff, tynn jakke med gode pustegenskaper som gir beskyttelse mot vind og lette regnbyger eller genser, skallbukse/skibukse, solbriller og lette hanskar.
I sekken: Spade, søkestang, dunjakke, hjelm, skalljakke, skibriller, hanskar til nedkøyringa, mat og drikke.
Vi tar forbehold om vær og føreforhold. Turmålet kan derfor på kort varsel bli endret. Informasjon vil bli sendt ut til påmeldte.
Administratorer
Christian Jensen
Mobil
41460184
E-post: Christian.Jensen@bedriftsidretten.no