Topptur til Blåfjellet i Sunnfjord
Arrangør:
Vestland Bedriftsidrettskrets
Påmeldingsfrist: 02.03.2022 11:00
Tid
Sted
Pris
Velkommen til Topptur til Blåfjellet 1164 moh
Bedriftsidretten Vestland arrangerer i samarbeid med Olav og Carl fra Jølster Adventure topptur til Blåfjellet!
Tidspunkt: 5 Mars kl 11:00
Stad: Oppmøte på parkeringsplassen ved Helgheim kyrkje
Pris: 600,- pr. person.
Minimum 5 deltakarar for at turen vert gjennomført.
Nivå: Middels lett tur som passar for nybegynnarar
Middels 3 – 6 timar. Blåfjellet ligg på Nordsida av Jølstravatnet i solsida. Fjellet byr på fin utsikt ned til Skei, fjella i Fossheimsdalen, Grovabreen og utover Jølstravatnet. Det er slakt terreng på heile nedkøyringa ned til Husstøylen som gjer Blåfjellet til eit lett topp å bestige og å køyre ned frå.
Vi kan velje mellom to alternativ opp til Husstøylen. Alternativ 1 er å følgje stølsvegen som går opp til Helgheimsdalen. Den startar med eit gardstun litt ovanfor Helgheim kyrkje. Vi følgjer stølsvegen opp til ein demning. Der kryssar vi elva for å komme bort til Husstøylen. Alternativ 2 er å følgje stølsvegen som går opp til Husstøylen. Vi går vidare frå støylen i slakt terreng på nordsida av elvefaret i Husdalen retning Blåfjellet. Rett før toppen følgjer vi ein sørvend ryggformasjon mot toppen.
Nedkøyringa er same rute som oppstigninga
Utstyr: Ski, skredsøkar, bindingar med gåfunksjon, feller, skistøvlar med gåfunksjon og teleskopstavar (hodelykt på kveldstur)
Klede: Ullundertøy, lue, hals/buff, tynn jakke med gode pustegenskaper som gir beskyttelse mot vind og lette regnbyger eller genser, skallbukse/skibukse, solbriller og lette hanskar.
I sekken: Spade, søkestang, dunjakke, hjelm, skalljakke, skibriller, hanskar til nedkøyringa, mat og drikke.
Vi tar forbehold om vær og føreforhold. Turmålet kan derfor på kort varsel bli endret. Informasjon vil bli sendt ut til påmeldte.