Ørsta Rittet 26. juli 2008
Postet av Flora Cykleklubb den 27. Jul 2008
Arrangøren Ørsta Sykkelklubb kunne i år by på skyfri himmel og omlag 30 svært så varme grader. For nokre vart temperaturen ei tilleggsutfordring gjennom dei 90 kilometerane på Sunnmøre.
Rittet starta med prolog gjennom Ørsta sentrum, og det vart sett stor fart straks feltet fekk startsignal. På den første lange stigninga opp mot Bondalseidet vart tetgruppa redusert til 10 mann. Desse heldt stor fart og økte avstanden til resten av feltet ned mot vendepunktet på Sæbø. I stigninga opp mot Bondalseidet igjen gjorde Mikael og klubbkamerat Daniel Arnesen frå BCK fleire forsøk på å komme laus ved å støte annankvar gang. På toppen var tetgruppa blitt til 5 mann, og i den neste bratte stigninga opp mot Krøvelseidet viste Mikael dei andre bakhjulet og sykla dei siste 3 mila til mål åleine.
Han seier at han var fornøgd med resultatet og at han brukte rittet som ei hard treningsøkt framfor neste Norgescupritt.
Geir Kristiansen, Flora CK vann klasse M 40-49 og delte 5.plassen med Sogn CK sitt 16 år gamle talent Sondre Austreim.
Utvalde resultat: Tid: Klasse:
1.Mikael Johansen, Bergen CK (og Florø) 2:13:52 M 30-39
2.Thomas Kristiansen, Førde CK 2:16:50 M 20-29
2.Daniel Arnesen, Bergen CK 2:16:50 M 20-29
2.Bernt Ullbø, Hydro BIL (Høyanger) 2:16:50 M 30-39
5.Sondre Austreim, Sogn CK 2:19:40 M 16-19
5.Geir Kristiansen, Flora CK 2:19:40 M 40-49
10.Finn L. Bjørkum Stord CK (og Florø) 2:24:40 M 40-49
27.Erlend Sunde, Flora CK 2:37:30 M 16-19
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Flora Cykleklubb
Testartikkel - Ei påminning
30.10.2024
Nytt klubbtøy!
07.02.2019
Sunnfjord Trippel
08.10.2018
Sunnfjord Trippel 2018
02.10.2018
Karusellritt onsdag 03.10 - 17.30
02.10.2018
Sørstrand Karusellritt!
07.06.2018