Invitasjon til Trollrittet søndag 8.september 2013
Postet av Flora Cykleklubb den 22. Aug 2013
Flora CK kan med glede invitere til nok eit Trollritt. Sett av søndag 8.september til å måle krefter med ein kamerat eller deg sjølv.
Fleire av Flora CK sine ungdommer kjem til å overnatte på Trollstova natt til rittdagen. Ungdommer (og nokre vaksne) frå andre klubbar er hjartleg velkomne.
Program for dei som vil overnatte: Frammøte frå kl.16. Leik og sosialt samvær. Kjøkkendugnad, kutte grønsaker til betasuppe. Fellesmåltid laurdag kveld og søndag morgon.
Kontakt Geir Kristiansen på mobil 95 85 74 54 for meir informasjon om overnatting.
Start like ved krysset på Svarthumle RV5, og målgang ved Trollstova på Ramsdalheia.
Rittet vert arrangert som fellesstart over ca 6 km, med 320 høgdemeter.
Rittstart kl.13. Dei aller yngste startar kl.12.50, eller evt. saman med dei som vil ta seg ekstra god tid.
Påmelding før fredag 6.september kl.21 til Rune Horgen mobil: 9283 4977
eller mail: rhorgen@online.no
Startavgift:
Trimritt utan tidtaking Kr.50,- + lisens kr.30
Turritt med tidtaking kr.100,- + lisens kr.150
(Dei som har årslisens betalar ikkje lisens)
Etteranmelding ved start fram til kl.12.30 mot kr.50,- ekstra.
Premie frå våre sponsorer (til nesten alle?) vert uttrekt på startnummer.
Til alle deltakarar blir det gratis betasuppe, saft, kaffi og kaker på den peisvarme Trollstova etter rittet!
Sal av mat og drikke til publikum.
Parkering: Det er begrensa med plassar ved start. Ved Trollstova er det god plass til parkering.
Garderobe: Det er mogleg å skifte klede på Trollstova. Særs begrensa moglegheit for dusj, men tilgang til toalett og vask.
Veganvisning: Svarthumle ligg på gamle RV5 over Ramsdalheia i Flora Kommune.
Frå Florø køyrer ein i retning Førde, men tek til venstre vel 1 km før Sunnfjordtunellen.
Frå Førde/Naustdal køyrer ein gjennom Sunnfjordtunellen. Etter tunellen tar ein første veg til høgre etter vel 1 km.
NB! Vegen er open for alminnelig trafikk, og alle må følge trafikkreglane! Strekninga er særs lite trafikkert, og det vil bli tydelig merking som viser at sykkelritt pågår.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Flora Cykleklubb
Testartikkel - Ei påminning
30.10.2024
Nytt klubbtøy!
07.02.2019
Sunnfjord Trippel
08.10.2018
Sunnfjord Trippel 2018
02.10.2018
Karusellritt onsdag 03.10 - 17.30
02.10.2018
Sørstrand Karusellritt!
07.06.2018