Spennande før avslutning av Telenor Games sesongen

Postet av Telesport Bergen B.I.L den 16. Aug 2024

Sesongavslutninga for Telenor Games er lagt til fredag 23. august. Da avslutter vi siste øvelse (rebusløp) og så snart resultata der er klare vil resultata for heile sesongen bli rekna ut og vi kan kåre vinnarlaga og starte feiringa. I tillegg til premiering av topp 3, blir som vanleg den finaste premien trekt ut til eit tilfeldig lag blant alle dei andre deltakarlaga. Så her blir det spenning for alle heilt til siste slutt. Ein liten vri på den siste trekninga i år er at antall lodd i trekninga blir vekta med deltakarpoenga ein har samla gjennom sesongen. Det betyr at dei som har vore ivrigast til å delta har ein litt større sjanse for å trekke vinnarloddet. Det er også slik at det fortsatt gjenstår opp til 40 poeng som er muleg å ta på dei siste to øvelsane. Den pågåande disc-golf-konkurransen blir avslutta i same veke som rebusløpet. Etter 4 øvelsar er det veldig jamt og mykje kan skje i kampen om dei siste 40 poenga. Så her gjeld det for alle å mobilisere laget sitt til ein siste innsats denne sesongen. I teorien kan fortsatt alle vinne, og det er i alle fall veldig opent kven som ender på pallen etter siste øvelse.


Resultat etter 4 øvelsar

Sesongavslutning betyr også fest og feiring. I år skjer dette i Kulturhuset i Bergen (Vaskerelven 8). Der har vi vårt eige lokale i overetasjen. Der samlast vi til gjennomgang av rebusoppgaver og premieutdeling, både for rebusløpet og for heile Telenor Games sesongen. Kulturhuset ordner også servering av mat og drikke, og både før og etter vårt arrangement er det tilgang til bar og servering i dei nedre etasjene. Hugs at alle som skal vere med må melde seg på her.

Den siste øvelsen er altså rebusløpet. Dette blir arrangert av ein uavhengig komite og er opent for deltaking for alle medlemmer, også dei som ikkje deltar i Telenor Games. Det betyr at i utgangspunktet vil Telenor Games laga vere eigne lag i rebusløpet. Ein kan ta med reservane og dermed vere fleire enn 4 på laget. Dei laga som ikkje klarer å stille fullt lag kan bli supplert med deltakarar som ikkje høyrer til laget slik at dei fleste laga er minst 4. Ved svært få deltakarar kan også to Telenor Games lag bli slått saman. Dei vil da få lik score i Telenor Games rangeringa. Dersom det er mange uavhengige deltakarar kan det også bli fleire lag med i rebusløpet. For poengscoren i Telenor Games vil det vere rangeringa blant Telenor Games laga i rebusløpet som teller. Plassering for øvrige lag og antall øvrige lag vil ikkje påverke poenga i Telenor Games. Der vil det som vanleg blir resultatpoeng på 12, 10, 8, 7, 6 osv i tillegg til deltakarpoeng.

Minner da også om den pågåande frisbee-golf-konkurransen på Smørås som blir øvelse nr 5 i denne sesongen. Konkurransen utføres i perioden 20.06.24 – 20.08.24. Alle deltagerne på laget kaster med hver sin disk på kurv 1, 2, 3, 4, 5, og teller antall kast for å få disken i kurven. Laget venter til alle har fått disk i kurv og går samlet til startpunkt for neste kurv. Dere teller antall kast totalt pr. lag. Poengberegning vil være gjennomsnittpoeng pr. lag. Dere er også selvsagt hjertelig velkommen til å spille alle 9 hull, men det er kun hull 1-5 som er gjeldende i konkurransen. Lagledere finner selv dag som passer for sitt lag og fristen for å fullføre er 20.08.24. Dere henter disker på Kokstad og gjennomfører aktiviteten på egen hånd. 

Frisbeegolfbanen på Smøråsfjellet


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.