Påmelding Telenor Games Bergen 2024/25 - Sesongstart tirsdag 05. November 2024 - SAVE THE DATE
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 16. Okt 2024
Hei alle medlemmer i Telesport Bergen!
Det nærmer seg ny sesong av Telenor Games, og det er tid for å melde seg på. Sesongen 2024/25 vil starte tirsdag 05.11.24 og varer til sommer neste år. Øvelser vil bli planlagt utover sesongen og vi satser på en miks av tidligere slagere og nye innslag. Vi håper både nye og gamle deltagere blir med!
Første øvelse vil finne sted på Kokstad. Det vil bli en blanding av oppgaveløsning og enklere leker. Siden det er sesongstart, vil det bli servert mat og drikke 😊
I år er det to måter å melde seg på:
- En lagleder melder på sitt lag (inntil 8 personer)
- Du melder deg på individuelt og blir plassert på et lag satt sammen av arrangøren
En melder seg på ved å sende epost til oyvind.spilde@telenor.no. Lagleder må huske å få med lagnavn og navn og epostadresse til alle du melder på. De som melder seg på individuelt må også huske navn og epostadresse. Skriv også om du kan tenke deg å være lagleder og/eller lagmedlem. Du må være medlem av Telesport for å delta (men påmelding er tillatt før medlemskap er registrert).
Et lag består altså av inntil 8 deltagere, men i hver øvelse er det normalt 4 som er aktive. Det er også mulig å stille med færre enn 4, men da vil en miste deltagerpoeng i konkurransen. I noen av øvelsene, inkludert i en eventuell landsfinale, vil det være en fordel at laget har begge kjønn. Vi oppfordrer derfor alle lag til å stille med en god kjønnsbalanse.
Bruk denne sjansen til å få et avbrekk i hverdagen med morsomme aktiviteter og bli bedre kjent med kollegaer på tvers av soner og avdelinger!
Påmeldingsfrist: Fredag 25. oktober.
Ny Telenor-rekord i Stoltzen 2024
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 1. Okt 2024
Laurdag 28.9. var det igjen duka for verdas brattaste motbakkeløp, og på nytt satte Telenor rekord målt i antall deltakarar. Samanlikna med i fjor (som også var rekord) var vi over 20% fleire som gjennomførte løpet i år, og ein stolt gjeng på 59 deltakarar fra mange Telenor-lokasjonar kunne juble for å ha nådd målet i toppen av Stoltzekleiven.
Telesport som lokal "arrangør" er stolt over at vi har klart å etablere Stoltzen som eit nasjonalt Telenor-arrangement med støtte fra TIF (Teleidrettsforbundet). Med 21 tilreisande deltakarar vart det igjen ei fin samling av kollegaer på tvers av lokasjonar og avdelingar. Rekrutteringa av nye er også god, og heile 19 var debutantar som fekk sitt første og sjokkerande møte med den bratte løypa. Vi håper mange har fått lyst til å prøve seg også neste år. Og sjølv om mange lokasjonar var representert, med Oslo, Trondheim og Lillehammer/Fåberg i spissen, håper vi at vi neste år kan få med ein enda større del av landet på denne folkefesten i Stoltzen. Vi satte ny rekord med 59 som gjennomførte, men på det meste hadde vi 80 påmeldte i år, så potensialet er enda større. Dessverre dukka det opp ein del skader og logsistikkutfordringar for enkelte, og ikkje minst var det mykje feber o.l som dukka opp den siste veka. Det er vanskeleg å gardere seg mot det, men fleire av dei som måtte melde forfall har alt meldt at det blir revansje neste år.
Når det gjeld resultata, så vart ein av debutantane den raskaste av oss. Sindre kom i mål på sterke 11:33. og med det vart det for første gang Trondheim som hadde raskaste Telenor-deltakar i Stoltzen. Like bak kom Susanne som var med for andre gang, og som i fjor vart ho raskaste kvinne. Med tida 12:08 var ho berre 2 minutt bak raskaste kvinne og nr 10 i klassa 18-34 år - og det ei veke etter å ha gjennomført Oslo maraton! Lars-Arne kapra 3 beste Telenor-tid, og med det vart beste bergensar Hugo på ein fjerdeplass. Til neste år må Bergensgjengen sjå litt på treningsopplegget slik at vi kan matche dei tilreisande i det som skal vere vår heimebane. Det ser ut som trening i hoppbakkane i Trøndelag og på Austlandet har gitt dei gode resultat, så her må vi rett og slett finne mottiltak i Bergen. Den aller beste plasseringa var det likevel ein veteran fra Bergen som oppnådde. Asbjørn gjekk heilt til topps i sin klasse, og eg trur det er første gang vi har hatt ein klassevinnar fra Telenor.
Dei fleste av oss har ingen ambisjonar om å hevde oss på resultatlistene, men litt samanlikning mot kollegaer, og ikkje minst mot eigne tidlegare resultat blir det gjerne. Og Stoltzen gir ærlege tilbakemeldingar kvart år på korleis forma har utvikla seg sidan året før. Og for dei fleste av oss ein god motivasjon til litt ekstra trening og fokus på kostholdet.
Viktigare enn idrettsprestasjonar og resultat er det sosiale og meistringa som alle kan oppleve i Stoltzen. Sjølv om nokre brukar meir enn dobbelt så lang tid som andre blir vi likevel samla i mål til lagbilde i løpet av kort tid. Og det korte løpet gjer at alle raskt hentar seg inn og er klare til tradisjonelt After-Stoltz i Sandviken der vi får servert rikeleg med mat og drikke. Og der har alle like store sjansar til å vinne premiane vi trekker ut blant deltakarane. Vi vil gjerne ha med oss enda fleire av dei som ikkje ønsker å ta konkurransen så høgtidleg, eller som føler at forma ikkje er heilt som for 10 eller 20 år sidan, men som likevel stiller opp og konkurrer mot seg sjølv. Og ikkje minst setter vi pris på alle som bidrar til den gode stemninga på After-Stoltz og After-After-Stoltz. For Stoltzen er ikkje ferdig når vi går i mål. Den gode stemninga fra toppen varer heile dagen. Etter offisielt After-Stoltz som Varegg arrangerer for oss, er det også tradisjon med After-After-Stoltz for Telenor i bydelspuben Dr Wiesner. På laurdag fortsatte også ein god gjeng til eit felles måltid og After-After-After-Stoltz i Bergen sentrum.
Laurdag 27. september 2025 er vi klare igjen, så sett eit kryss i kalenderen!
På Stoltzen sine sider finn ein også alle dei offisielle bilda og resultat.
Våre deltakarar ligg her: http://www.stoltzen.no/bilder/2024/klubb/telenortelesportbergen.html
Resultata våre finn du her: http://stoltzen.no/resultater/2024/resklubb_336.html
Stoltzen 2024 - Praktisk informasjon for påmeldte
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 13. Sep 2024
Her er det meste av informasjon som er nødvendig for dei som er påmeldt Stoltzen 2024 med Telesport, inkludert litt detaljar og tips for dei som er med for første gang (nokre detaljar blir også sendt på epost til dei påmeldte).
Starttidspunkt: Vi starter mellom kl 11:39 og 11:52. Nøyaktig tidspunkt vil stå på startnummeret. Du finn også startnummer og tidspunkt her: http://stoltzen.no/pmeld/startliste.html (merk at fram til 23. september er dette ei foreløpig liste som kan endre seg, men vårt starttidspunkt er nok ganske nøyaktig). Du bør levere sekken din ca 20 min før start og vere klar ved starten minst 5 min før starttida di.
Startnummer og T-skjorter: Torsdag 26.9 og fredag 27.9 kan du hente startnr og Telenor-T-skjorte på Kokstad. 4 etg, Fløy 1. Du vil få utdelt den T-skjorte-størrelsen du har bestilt. Vi har nokre reservetrøyer som du kan bytte til om størrelsen blir heilt feil. Om det ikkje går opp, så prøver vi å finne nokon som kan bytte. Det blir fantastisk med 75 like Telenor-trøyer på rekke og rad opp Stoltzen 28. september. For dei som ikkje kan hente på Kokstad, vil Randi og Anja stå for utdeling av resten i Varegg Arena på laurdag fra ca kl 10:00. Om du har problem med å finne fram så ring Randi, Anja eller Helge. Gi også gjerne beskjed om du veit at du kjem i siste liten.
Klubbhuset til IL Varegg, også kjent som Badstuen, har adresse Persenbakken 20 om ein leiter rundt på eit kart. (Google maps link Badstuen). After-Stoltz vil foregå her. Vi har også tilgang til garderober her. Fram til 2023 var dette sekretariat og info-område for Stoltzen. Fra 2024 er denne funksjonen flytta til Varegg Arena.
Varegg Arena er eit heilt nyopna anlegg som er bygd under Mulebanen og inneheld idrettshall, garderober, parkering og mykje meir for Varegg IL. Utdeling av startnummer, premiering, informasjon m.m. knytta til Stoltzen skjer her (dvs alt som før 2024 skjedde i det gamle klubbhuset Badstuen (Google maps link Varegg Arena).
Oppmøte og transport: Du vil altså treffe kollegaer i Varegg Arena frå ca kl 10. Det er ca 25 min å gå fra sentrum til Varegg Arena. Buss nr 10 går fra sentrum til Mulen (ca 10 minutt). Endestoppet er like ved Badstuen og Varegg Arena. Elles finst det bysyklar og elsparkesyklar frå Ryde og Voi i byen. Om ein har bil bruker parkering ved Sandviken sykehus (markert i kartet som Helse Bergen, avdeling for rus) å vere muleg, men det er ikkje offisielt anbefalt av arrangør. Ellers er det noko parkering i området omkring klubbhuset og i Varegg Arena. Sjå offisiell info fra arrangør her: Parkering - Stoltzen.no.
Starten er i Fjellveien som vist på kartlinken ( Stoltzen infokart - Google Maps). Det er ca 900 meter fra Varegg Arena (og Badstuen) til start, og det blir mange som går eller joggar den vegen. Når vi skal ned igjen går vi normalt meir eller mindre samla den grøne løypa på kartet. Den raude løypa er ein del lenger, men nokre foretrekker å jogge den da det er grus/asfalt heile vegen, mens den grøne løypa har eit parti med sti og trapper. Den grøne løypa går ned Skredderdalen, og stien der har blitt forbedra sidan 2023 med ein del sherpatrapper og grus.
Garderober og toalett: Det er toalett og garderober med dusj i Varegg Arena. Sidan vi har After-Stoltz i Badstuen har vi også tilgang der. På eige ansvar kan ein også legge igjen ein bag i garderoben, så slepp ein å dra med seg dusjesaker til toppen. I tillegg til i Varegg Arena og Badstuen, er det også toalett ca 200 meter fra start, der ein leverer inn sekkar som skal køyrast til toppen. Det kan altså vere lurt å ha to sekkar. Ein med skiftetøy til toppen og ein med dusjesaker. Den eksklusive Stoltze-T-skjorta får vi ved målgang på toppen.
Målgang: Når du kjem i mål får du drikke og Stoltze-T-skjorta like ved målstreken. Det er også her vi tar gruppefoto, så behold Telenor-trøya på til vi er ferdig med det. For dei første som kjem i mål kan det bli ei lita stund å vente, men det tar normalt ikkje så mange minutt før alle er samla. Dei vi trur går raskast startar normalt sist i pulja vår. For dei som er tilreisande og nye i Stoltzen bør ein også få med seg utkikspunktet ved Sandvikspilen ca 50 meter fra målgang. Der ser vi heile byen og byfjella. Utdeling av skiftetøy skjer eit par hundre meter fra målgang i den retninga vi går når vi skal ned igjen (det er ikkje muleg å gå ned igjen konkurranseløypa). Normalt går vi ikkje dit før etter gruppebildet, men om det er dårleg ver og ein er veldig rask kan ein rekke å hente sekken sin. Men det er svært sjeldan nokon har hatt behov for det. Om du lurer på noko i målområdet så kryr det av kollegaer der.
AfterStoltz: Årets AfterStoltz blir i overetasjen i Badstuen, der vi har garderober i kjellaren. Vi får heile rommet for oss sjølv og kan feire innsatsen vår utan å bli forstyrra. Vi disponerer lokalet frå ca kl 13. Det er ikkje sikkert alle er klare til da, men vi samlast etter kvart, og har bra med tid fram til kl 1530 da Varegg ønsker å gjere rommet klart for neste gruppe. Maten blir sannsynlegvis servert ca 13:40. Merk at det ikkje er anbefalt å prøve å rekke innom hotellet for dei som bur i sentrum mellom løpet og After-Stoltz. Det blir stressopplegg. På AfterStoltz blir det mat og drikke, film fra løpet og premieutdeling. Vi har ca 10 «Stoltze-effektar» som premie som blir trekt på startnummer. Hugs at du må vere der for å få premien din.
After-AfterStoltz: Etter at vi må forlate AfterStoltz omkring kl 1530 er det tradisjon med ein tur til Dr Wiesner (www.drwiesener.no). Det er ein kort gåtur i retning sentrum fra Badstuen. Dette er ikkje ein del av det offisielle programmet, men vi har reservert plass der og det er opent for alle som vil fortsette feiringa i godt selskap! Det er heller ikkje umuleg at nokre etterkvart går vidare mot byen og After-After-AfterStoltz.
Antrekk: I år har vi som kjent like T-skjorter til alle. Ellers gjeld det å kle seg etter ver og temperatur, men det blir vel sjeldan kaldt på veg oppover. Eg brukar å velge mine lettaste sko, men det er nok mest psykisk hjelp i det. Joggesko eller terrengsko, helst med godt grep, er anbefalt (underlaget er stort sett stein og for det meste trappetrinn som er flate på toppen). Antrekk på After-Stoltz bestemmer du sjølv. Nokre går fortsatt i trenings/turtøy, mens andre er kledd for ein kveld på byen. Eg satser på ei vanleg bukse og den nye Stoltze-T-skjorta som beviser at eg har nådd toppen, det er tross alt Stoltze-dagen.
5/10/15-års premie: For kvart 5. år ein deltar kan hente ein premie i Varegg Arena.
Dette er Thorbjørn Ludvigsen (som har vunne 9 ganger sidan 2010) sine beste Stoltzen-tips:
- Ta siste hardøkt mandag eller tirsdag dersom løpet er på lørdag.
- Jogg rolig to ganger 30 minutter de påfølgende dagene.
- Dagen før løpet gjør du det samme, i tillegg til seks drag à 30 sekunder på flat mark.
- Spis som du ville gjort ellers, men ikke for mye verken på løpsdagen eller dagen før.
- Varier lengden på stegene. Oppretthold en høy frekvens.
- Tilpass stegene etter lengden på trinnene og hvor bratt det ¬ er.
- Kle deg etter vær og vind og bruk sko med godt grep.
Og her er nokre tips for mosjonistar: Mosjonisttips fra stoltzen.no
Mitt råd er: Ta det roleg dei siste dagane før løpet, prøv å varm opp litt, ikkje start for hardt, når du har starta så hold ut – du er snart i mål. Ikkje gru deg, dette blir gøy og går bra for alle! Sjå litt sliten ut – det blir dei beste bilda. Gled deg til den gode følelsen når du har gjennomført. Og hugs på at eit alternativ til å gå heilt i kjellaren er å la Stoltzen ta den tida det tar, og ha det minst like gøy undervegs og etterpå som dei som har gispa etter luft i dei bratte bakkane.
Telemesterskap i Padeltennis 2024
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 3. Sep 2024
Hei dere!
Som noen kanskje har sett på WP eller hørt i «korridorene», så er det endelig offisielt og klart; Vi skal arrangere Telemesterskap i Padel 08-09 november! I vedlegget kan dere lese invitasjonen som er sendt de andre lokale Telesport lagene i Norge, som igjen videreformidler til sine medlemmer.
I korte trekk:
- Spilles fredag og lørdag 08-09 november
- Bankett fredag kveld på Thon Hotel (rett ved Telenorbygget)
- Spill foregår på Kokstad Padel
- Kan melde på i både herrer eller damer, samt mix
Jeg håper virkelig alle i denne gruppen ønsker å være med på dette, og viser resten av Norge at det er god stemning rundt Padel i Bergen!
Telesport Bergen ønsker å bidra til å få flest mulig fra Bergen til å delta, og ønsker å sponse alle medlemmer i padelgruppen med kr 500,- !
Det vil si at du må ut med 950,- for mat rundt selve arrangementet på banen, samt en 3-retters med drikke på hotellet på fredags kveld.
Om en ønsker å delta, men ikke er medlem i padelgruppen, blir egenandel kr 1450,-.
Ønsker du å overnatte på hotellet er du selvsagt mer enn velkommen til det. Vi er nok flere fra Bergen som skal det, inklusive meg selv… Men dette må du i så fall dekke selv. TIF dekker kun overnatting for de tilreisende fra andre byer.
PS! Er det noen du ønsker å spille sammen med gjennom turneringen, så avtal gjerne det i forkant og skriv i påmeldingen begge to 😊
Meld deg på her; https://form.jotform.com/242263412861048
Bestilling av hotel: https://www.thonhotels.no/event/telenor-asa/
Det gledes!
Mvh
Padelgruppen i Telesport Bergen
Resultat Telenor Games - Frisbeegolf
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 22. Aug 2024
Frisbee-golf var den nest siste konkurransen i årets Telenor Games.
Konkurransen ble gjennomført over tid og på dager som passet for det enkelte lag. Hvert lag fekk dermed også ansvaret for å gjennomføre konkurransen og rapportere resultatene. Dette ser ut til å ha fungert bra, og 7 av lagene har stilt med fulltallige lag.
Lagene skulle gjennom 5 baner. Alle i utgangspunktet "par 3" baner og resultane ble målt utifra snittkast pr. lag.
Ser vi på totalen brukte lagene fra 76 til 133 kast på 5 baner (ulikt antall deltagere pr. lag). Laget med færrest kast ble Telechubbies med kun 76 på 4 deltagere, men frunnet måling på snittkast pr. lag holdt dette dessverre kun til en fjerde plass. Vinneren av konkurransen ble KonKameratene som klarte seg med 82 kast med 5 deltagere (16,4 kast i snitt pr. deltager). På delt andre plass, 4 kast bak, kom Team Top Floor og B-Laget som havnet helt likt med 86 kast med 5 deltagere (17,2 kast i snitt pr. deltager). Vi gratulerer!
Resultater Frisbeegolf og totalscore før spennende finale i morgen!