Stoltzen 2024 - Praktisk informasjon for påmeldte
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 13. Sep 2024
Her er det meste av informasjon som er nødvendig for dei som er påmeldt Stoltzen 2024 med Telesport, inkludert litt detaljar og tips for dei som er med for første gang (nokre detaljar blir også sendt på epost til dei påmeldte).
Starttidspunkt: Vi starter mellom kl 11:39 og 11:52. Nøyaktig tidspunkt vil stå på startnummeret. Du finn også startnummer og tidspunkt her: http://stoltzen.no/pmeld/startliste.html (merk at fram til 23. september er dette ei foreløpig liste som kan endre seg, men vårt starttidspunkt er nok ganske nøyaktig). Du bør levere sekken din ca 20 min før start og vere klar ved starten minst 5 min før starttida di.
Startnummer og T-skjorter: Torsdag 26.9 og fredag 27.9 kan du hente startnr og Telenor-T-skjorte på Kokstad. 4 etg, Fløy 1. Du vil få utdelt den T-skjorte-størrelsen du har bestilt. Vi har nokre reservetrøyer som du kan bytte til om størrelsen blir heilt feil. Om det ikkje går opp, så prøver vi å finne nokon som kan bytte. Det blir fantastisk med 75 like Telenor-trøyer på rekke og rad opp Stoltzen 28. september. For dei som ikkje kan hente på Kokstad, vil Randi og Anja stå for utdeling av resten i Varegg Arena på laurdag fra ca kl 10:00. Om du har problem med å finne fram så ring Randi, Anja eller Helge. Gi også gjerne beskjed om du veit at du kjem i siste liten.
Klubbhuset til IL Varegg, også kjent som Badstuen, har adresse Persenbakken 20 om ein leiter rundt på eit kart. (Google maps link Badstuen). After-Stoltz vil foregå her. Vi har også tilgang til garderober her. Fram til 2023 var dette sekretariat og info-område for Stoltzen. Fra 2024 er denne funksjonen flytta til Varegg Arena.
Varegg Arena er eit heilt nyopna anlegg som er bygd under Mulebanen og inneheld idrettshall, garderober, parkering og mykje meir for Varegg IL. Utdeling av startnummer, premiering, informasjon m.m. knytta til Stoltzen skjer her (dvs alt som før 2024 skjedde i det gamle klubbhuset Badstuen (Google maps link Varegg Arena).
Oppmøte og transport: Du vil altså treffe kollegaer i Varegg Arena frå ca kl 10. Det er ca 25 min å gå fra sentrum til Varegg Arena. Buss nr 10 går fra sentrum til Mulen (ca 10 minutt). Endestoppet er like ved Badstuen og Varegg Arena. Elles finst det bysyklar og elsparkesyklar frå Ryde og Voi i byen. Om ein har bil bruker parkering ved Sandviken sykehus (markert i kartet som Helse Bergen, avdeling for rus) å vere muleg, men det er ikkje offisielt anbefalt av arrangør. Ellers er det noko parkering i området omkring klubbhuset og i Varegg Arena. Sjå offisiell info fra arrangør her: Parkering - Stoltzen.no.
Starten er i Fjellveien som vist på kartlinken ( Stoltzen infokart - Google Maps). Det er ca 900 meter fra Varegg Arena (og Badstuen) til start, og det blir mange som går eller joggar den vegen. Når vi skal ned igjen går vi normalt meir eller mindre samla den grøne løypa på kartet. Den raude løypa er ein del lenger, men nokre foretrekker å jogge den da det er grus/asfalt heile vegen, mens den grøne løypa har eit parti med sti og trapper. Den grøne løypa går ned Skredderdalen, og stien der har blitt forbedra sidan 2023 med ein del sherpatrapper og grus.
Garderober og toalett: Det er toalett og garderober med dusj i Varegg Arena. Sidan vi har After-Stoltz i Badstuen har vi også tilgang der. På eige ansvar kan ein også legge igjen ein bag i garderoben, så slepp ein å dra med seg dusjesaker til toppen. I tillegg til i Varegg Arena og Badstuen, er det også toalett ca 200 meter fra start, der ein leverer inn sekkar som skal køyrast til toppen. Det kan altså vere lurt å ha to sekkar. Ein med skiftetøy til toppen og ein med dusjesaker. Den eksklusive Stoltze-T-skjorta får vi ved målgang på toppen.
Målgang: Når du kjem i mål får du drikke og Stoltze-T-skjorta like ved målstreken. Det er også her vi tar gruppefoto, så behold Telenor-trøya på til vi er ferdig med det. For dei første som kjem i mål kan det bli ei lita stund å vente, men det tar normalt ikkje så mange minutt før alle er samla. Dei vi trur går raskast startar normalt sist i pulja vår. For dei som er tilreisande og nye i Stoltzen bør ein også få med seg utkikspunktet ved Sandvikspilen ca 50 meter fra målgang. Der ser vi heile byen og byfjella. Utdeling av skiftetøy skjer eit par hundre meter fra målgang i den retninga vi går når vi skal ned igjen (det er ikkje muleg å gå ned igjen konkurranseløypa). Normalt går vi ikkje dit før etter gruppebildet, men om det er dårleg ver og ein er veldig rask kan ein rekke å hente sekken sin. Men det er svært sjeldan nokon har hatt behov for det. Om du lurer på noko i målområdet så kryr det av kollegaer der.
AfterStoltz: Årets AfterStoltz blir i overetasjen i Badstuen, der vi har garderober i kjellaren. Vi får heile rommet for oss sjølv og kan feire innsatsen vår utan å bli forstyrra. Vi disponerer lokalet frå ca kl 13. Det er ikkje sikkert alle er klare til da, men vi samlast etter kvart, og har bra med tid fram til kl 1530 da Varegg ønsker å gjere rommet klart for neste gruppe. Maten blir sannsynlegvis servert ca 13:40. Merk at det ikkje er anbefalt å prøve å rekke innom hotellet for dei som bur i sentrum mellom løpet og After-Stoltz. Det blir stressopplegg. På AfterStoltz blir det mat og drikke, film fra løpet og premieutdeling. Vi har ca 10 «Stoltze-effektar» som premie som blir trekt på startnummer. Hugs at du må vere der for å få premien din.
After-AfterStoltz: Etter at vi må forlate AfterStoltz omkring kl 1530 er det tradisjon med ein tur til Dr Wiesner (www.drwiesener.no). Det er ein kort gåtur i retning sentrum fra Badstuen. Dette er ikkje ein del av det offisielle programmet, men vi har reservert plass der og det er opent for alle som vil fortsette feiringa i godt selskap! Det er heller ikkje umuleg at nokre etterkvart går vidare mot byen og After-After-AfterStoltz.
Antrekk: I år har vi som kjent like T-skjorter til alle. Ellers gjeld det å kle seg etter ver og temperatur, men det blir vel sjeldan kaldt på veg oppover. Eg brukar å velge mine lettaste sko, men det er nok mest psykisk hjelp i det. Joggesko eller terrengsko, helst med godt grep, er anbefalt (underlaget er stort sett stein og for det meste trappetrinn som er flate på toppen). Antrekk på After-Stoltz bestemmer du sjølv. Nokre går fortsatt i trenings/turtøy, mens andre er kledd for ein kveld på byen. Eg satser på ei vanleg bukse og den nye Stoltze-T-skjorta som beviser at eg har nådd toppen, det er tross alt Stoltze-dagen.
5/10/15-års premie: For kvart 5. år ein deltar kan hente ein premie i Varegg Arena.
Dette er Thorbjørn Ludvigsen (som har vunne 9 ganger sidan 2010) sine beste Stoltzen-tips:
- Ta siste hardøkt mandag eller tirsdag dersom løpet er på lørdag.
- Jogg rolig to ganger 30 minutter de påfølgende dagene.
- Dagen før løpet gjør du det samme, i tillegg til seks drag à 30 sekunder på flat mark.
- Spis som du ville gjort ellers, men ikke for mye verken på løpsdagen eller dagen før.
- Varier lengden på stegene. Oppretthold en høy frekvens.
- Tilpass stegene etter lengden på trinnene og hvor bratt det ¬ er.
- Kle deg etter vær og vind og bruk sko med godt grep.
Og her er nokre tips for mosjonistar: Mosjonisttips fra stoltzen.no
Mitt råd er: Ta det roleg dei siste dagane før løpet, prøv å varm opp litt, ikkje start for hardt, når du har starta så hold ut – du er snart i mål. Ikkje gru deg, dette blir gøy og går bra for alle! Sjå litt sliten ut – det blir dei beste bilda. Gled deg til den gode følelsen når du har gjennomført. Og hugs på at eit alternativ til å gå heilt i kjellaren er å la Stoltzen ta den tida det tar, og ha det minst like gøy undervegs og etterpå som dei som har gispa etter luft i dei bratte bakkane.
Telemesterskap i Padeltennis 2024
Postet av Telesport Bergen B.I.L den 3. Sep 2024
Hei dere!
Som noen kanskje har sett på WP eller hørt i «korridorene», så er det endelig offisielt og klart; Vi skal arrangere Telemesterskap i Padel 08-09 november! I vedlegget kan dere lese invitasjonen som er sendt de andre lokale Telesport lagene i Norge, som igjen videreformidler til sine medlemmer.
I korte trekk:
- Spilles fredag og lørdag 08-09 november
- Bankett fredag kveld på Thon Hotel (rett ved Telenorbygget)
- Spill foregår på Kokstad Padel
- Kan melde på i både herrer eller damer, samt mix
Jeg håper virkelig alle i denne gruppen ønsker å være med på dette, og viser resten av Norge at det er god stemning rundt Padel i Bergen!
Telesport Bergen ønsker å bidra til å få flest mulig fra Bergen til å delta, og ønsker å sponse alle medlemmer i padelgruppen med kr 500,- !
Det vil si at du må ut med 950,- for mat rundt selve arrangementet på banen, samt en 3-retters med drikke på hotellet på fredags kveld.
Om en ønsker å delta, men ikke er medlem i padelgruppen, blir egenandel kr 1450,-.
Ønsker du å overnatte på hotellet er du selvsagt mer enn velkommen til det. Vi er nok flere fra Bergen som skal det, inklusive meg selv… Men dette må du i så fall dekke selv. TIF dekker kun overnatting for de tilreisende fra andre byer.
PS! Er det noen du ønsker å spille sammen med gjennom turneringen, så avtal gjerne det i forkant og skriv i påmeldingen begge to 😊
Meld deg på her; https://form.jotform.com/242263412861048
Bestilling av hotel: https://www.thonhotels.no/event/telenor-asa/
Det gledes!
Mvh
Padelgruppen i Telesport Bergen