Bedriftsturnering i simulatorgolf hos Børdi Golf
Tid
Bedriftsturnering i golf – Børdi Golf og Bedriftsidretten
Turneringsperiode: 27. november 2026 – 5. mars 2027
Børdi Golf og Vestland Bedriftsidrettskrins inviterer bedrifter, lag og organisasjonar til ei sosial og konkurranseprega golfturnering gjennom vinteren!
Turneringa blir gjennomført på golfsimulatorane hos Børdi Golf i Førde. Laga vel sjølve når dei ønskjer å spele rundane sine, slik at det blir enkelt å kombinere turneringa med jobb og andre aktivitetar.
I tillegg til golf og konkurranse får alle påmelde bedrifter ein marknadspakke med profilering hos Børdi gjennom turneringsperioden.
Turneringsform
- 2-personars scramble over 9 hol.
- 6 ulike baner, fordelte på 2 baner per månad.
- Første bana for desember mnd. kan spelast på kickoff 27. november.
- Laga samlar poeng gjennom turneringa, som gir fordelar inn mot finalen.
- Felles finale fredag 5. mars 2027.
Kva er scramble?
Scramble er ei speleform der begge spelarane slår ut frå tee. Laget vel deretter den beste ballen, og begge spelar vidare frå denne posisjonen. Slik held ein fram til ballen er i holet.
Dette er ei sosial og morosam speleform som passar både erfarne golfarar og dei som har mindre erfaring.
Lag og deltaking
Kvart lag kan bestå av minimum 2 og maksimum 6 personar, men det er alltid 2 spelarar som representerer laget i kvar runde.
Dette gir bedriftene fleksibilitet til å rullere på kven som spelar dei ulike rundane, dersom dei same to personane ikkje har moglegheit til å delta kvar gong.
Dersom fleire tilsette ønskjer å spele alle rundane, anbefaler vi at bedrifta melder på fleire lag.
På denne måten kan både dei som ønskjer å spele fast gjennom heile turneringa, og dei som ønskjer å dele på rundane, delta på ein måte som passar dei.
Turneringa er open for bedrifter, lag og organisasjonar, uavhengig av tidlegare golferfaring.
Kickoff – fredag 27. november 2026, kl 18.00
Vi startar turneringa med ein felles kickoff hos Børdi Golf.
Her blir det informasjon om turneringa, sosial samling og moglegheit til å bli kjend med dei andre laga.
Den første turneringsbana blir spelt på kickoff. Lag som ikkje har høve til å delta denne kvelden, kan spele bana på eit valfritt tidspunkt i løpet av desember.
Det blir eit lukka arrangement med moglegheit for servering frå baren.
Gjennomføring av turneringa
Turneringa går frå desember til februar, med to baner kvar månad.
- Desember: Bane 1. og 2. (Bane 1. kan spelast på kickoff 27. november)
- Januar: Bane 3. og 4.
- Februar: Bane 5. og 6.
Børdi Golf vel ut kva baner som skal spelast, og informerer deltakarane om desse i forkant.
Booking av speletid
Laga bookar sjølve speletid hos Børdi Golf, når det passar dei.
Vi anbefaler å booke minimum 2 timar per runde for eit lag med to spelarar.
Alle rundar må spelast ferdig for å gi poeng. Dersom laget ikkje fullfører alle 9 hola, får laget 0 poeng for den aktuelle runden. Det er derfor viktig å setje av nok tid.
Begge banene må spelast innanfor den aktuelle månaden. Rundar som ikkje blir spelte innan fristen, gir 0 poeng.
Vi oppmodar også bedriftene til å arrangere felles spelekveldar, der fleire lag spelar samtidig. Børdi Golf kan hjelpe med å koordinere dette dersom det er ynskjeleg.
Booking: https://albaplay.com/venue/bordi
Poengsystem og samanlagtresultat
Gjennom turneringa samlar laga poeng frå dei seks rundane.
Poenga blir lagde saman i ein felles tabell, og plasseringa etter dei seks rundane avgjer kva fordel laget får i finalen.
Laget som leier tabellen før finalen, får den største fordelen. Dei andre laga får fordelar basert på plasseringa si.
Finale – fredag 5. mars 2027, kl 18.00
Turneringa blir avslutta med ein felles finalekveld hos Børdi Golf.
Vi ønskjer å leggje til rette for at flest mogleg lag får delta i finalen, slik at dette blir ei sosial og kjekk avslutning på turneringa.
Plasseringa frå dei innleiande rundane gir laga ein fordel inn mot finalerunden.
Meir informasjon om finaleformat, gjennomføring og program kjem når finalen nærmar seg.
Premiering
Det blir premiering til 1., 2. og 3. plass.
Premiane vil bestå av bedriftskveld hos Børdi Golf og/eller verdikort som bedriftene kan bruke hos oss.
Endeleg premiefordeling og verdi på premiane blir fastsett når vi veit kor mange lag som deltek.
Marknadspakke – inkludert for alle bedrifter
Alle bedrifter som melder på lag, får ein marknadspakke inkludert i turneringsavgifta.
Dette inneber at bedriftene blir profilerte hos Børdi Golf gjennom heile turneringsperioden.
Vi ser mellom anna på moglegheita for profilering med bedriftslogo på simulatorbanene og synlegheit gjennom Børdi sine digitale kanalar.
Pris og kva som er inkludert
Pris pr lag: Medlem av Bedriftsidretten kr 3 300,- (+ gebyr), ikkje medl. av Bedriftsidretten kr 3500,- ( + gebyr)
- 12 timar i golfsimulator, fordelt på seks rundar.
- Marknadspakke med bedriftsprofilering gjennom turneringsperioden.
- Felles kickoff.
- Finalerunde.
- Premiering til dei tre beste lag
(Eventuell speletid utover dei inkluderte 12 timane må betalast separat.)
Ønsker du at ditt lag skal bli medlem av bedriftsidretten? Ta kontakt med oss! vestland@bedriftsidretten.no
Sted
Pris
| Navn | Pris |
|---|---|
| Bedriftsturnering (Medlem av Bedriftsidretten) | kr 3 395,00 inkl. avgifter |
| Bedriftsturnering (Ikkje medlem av Bedriftsidretten) | kr 3 600,00 inkl. avgifter |
Kommentarer
Du må logge inn for å poste i veggen.