Topptur til Tverrlifjellet (enkel tur)

Topptur til Tverrlifjellet (enkel tur)


Arrangør: Vestland Bedriftsidrettskrets
Påmeldingsfrist: 22.02.2024 23:30

Tid


Pris

Påmelding fra kr 1 037,00 inkl. avgifter

Tverrlifjellet 1035 moh - Jølster


Tidspunkt: 24. februar 2024

Stad: Oppmøte kl 10:00 på parkeringsplassen framfor Thon hotell Jølster 

Pris: 1000 kr medlem (1200 kr - ikkje medlem av Vestland Bedriftidrettskrets)

Nivå: Kort tur som passar godt for dei som har lite erfaring 

Kort tur: 3 – 4  timar.

Turen gjennomføres etter forbehold om at vær og føre tilllet ein trygg tur.

Turbeskrivelse

Tverrlifjellet ligg i Årdalsdalen. Den byr på veldig fin utsikt innover Kjøsnesfjorden og ligg ikkje så langt unna Dalefjellet. Om været tillet det er det ein fin tur å først gå på Dalefjellet og deretter skli ned til Tverrlifjellet. Det er ikkje noko bratt oppstigning, derfor kan du  berre konsentrere deg om å nytte omgjevnadene. På Dalefjellet og Tverrlifjellet har ein fin utsikt til dei populære toppturfjella Syskarnipa, Gotdalsnipa og Skåhammersegga som ligg i Ålhusdalen. 


Turen opp: Starten er ved langrennsløypa i Årdalsdalen. Deretter følgjer vi ein veg opp til dalsøkket Torsbotn. Der kan ein velge mellom gå vidare innover Torsbotn og opp til Tverrlifjellet eller følgje ein fjellrygg opp til Daslefjellet. 

Ruta opp er ein jamn/fin oppstigning som gjer at turen passer ekstra godt for dei med lite topptur erfaring.  


Nedkøyringa: Kjører ut Torsbotn ned til tregrensa. Vi svinger seg nedover skogen ned til veien som går ned til langrennsløypa. Om det er nok snø så er det mogleg køyre ned ein elv  langrennsløypa. Elva er brei og ikkje noko bratt.  


Utstyr: Ski, skredsøkar, bindingar med gåfunksjon, feller, skistøvlar med gåfunksjon og teleskopstavar.

Klede: Ullundertøy, lue, hals/buff, tynn jakke med gode pustegenskaper som gir beskyttelse mot vind og lette regnbyger eller genser, skallbukse/skibukse, solbriller og lette hanskar. 

I sekken: Spade, søkestang, dunjakke, hjelm, skalljakke, skibriller, tjukkarer hanskar til nedkøyringa. Hugs å ta med mat og drikke. Lurt å ta med termos dersom det er kalde temperaturar!


Ved opptil 6 påmeldte vil vere med ein guide. Ved 7 til 12 påmelde stiller vi med 2 guidar. 


Ikke medlem av Bedriftsidretten? Dersom arbeidsplassen din ikkje har eit medlemskap hjå oss kan du bli medlem av vårt regionale bedriftidrettslag og få medlemspris på våre aktiviteter! Det koster 150kr å være medlem, kontakt oss på vestland@bedriftsidretten.no for å melde deg inn og betal medlemspris på aktivitetar!

Bli med oss på tur!! Velkommen skal du være!


 


Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.