Resultater testløp 9. mai 2008

Postet av Flora Cykleklubb den 9. Mai 2008

Knallblå himmel, 15 grader og nordvestlig lett bris på 5 m/s var ramma rundt årets første testritt.

Dei 10 oppmøtte syklistane vart sendt av gårde på den 9,3 km lange løypa av Mikael Johansen som er tilbake på beina etter eit sjukehusopphald.

Start og målgang var ved båthamna i Kanalen med vendepunkt ved gravplassen i Brandsøy. Det var god medvind innover, så fartskjensla var god. Vegen ut igjen vart jo då sjølvsagt hardare, slik at dei fleste nok fekk tatt ut det meste av krefter.

Resultater:

Ungdom

Daniel Furesund     28:08

Jonas Hove            26:21

Marius Langø          20:39

Joakim Løtvedt       22.02

Odin Stenseth        18:52

Vaksne

Hjalmar Bø            16:22

Erlend Sunde          16:08

Rune Horgen          16:32

Geir Kristiansen       14.46

Jens Petter Kjelsnes 16:02

Takk til Grete Ludvigsen som kosta grus vekk fra asfalten ved vendepunktet og Ernst Jagedal som var funksjonær samme plass. Ved mål passa Mikael klokka og Thomas Esp var fotograf.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.