REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FLORA CYKLEKLUBB for 2007

Postet av Flora Cykleklubb den 15. Mai 2008

Årsmøtet vart helde på Florø Barneskule 23.03.08

Desse møtte: Geir Kristiansen, Trond Økland, Jens Petter Kjelsnes, Bjarte Indrehus, Rune Horgen, Otto Ramsdal, Dagmund Ramsdal og Rita Gamlestøl.

 

Formann yngste alle velkommen.

 

Sak 1:             Årsmelding.

Formann gjekk gjennom årsmeldinga og den blei godkjent.

Trollrittet for klubbmedlemmane var glømt, men det vil bli lagt til.

 

Sak 2:             Rekneskap.

Kasserer gjekk gjennom rekneskapen for 2007 og den blei godkjent. Terje Standal har revidert rekneskapet.

 

Sak 3: Sykkelbekledning.

Rune vil jobbe litt med å skaffe pris og vareprøve på ei tynnare jakke.

 

Sak 4: NM for juniorar i Bergen.

Klubben vil bidra til å hjelpe juniorane til å delta.

 

Sak 5:            Kvalifiseringsritt for Paris-Brest-Paris.

Arnljot Johansen som har stått for dette vil gje seg. Dagmund tar på seg ansvaret for å føre dette vidare.

 

Sak 6:  Geir vil jobbe litt med å arrangere utenlandstur/treningsleir/ferie for klubbmedlemmane.

 

Sak 7:  Valg av nytt styre.

            Formann:                                             Dagmund Ramsdal

            Nestformann:                                       Bjarte Indrehus

            Styremedlem og aktivitetsleiar:            Rune Horgen

            Styremedlem og kasserer:                      Rita Gamlestøl

            Styremedlem:                                      Jens Petter Kjelsnes

            Styremedlem:                                      Geir Kristiansen

            Varamedlem:                                        Rolf Harry Pedersen

 

Sak 8:             Treninger framover våre.

            Ein del diskusjon vedrørende treninger og opplegg rundt det.

 

 

 

Referent: Rita Gamlestøl

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.