KM Fellesstart Hordaland 14.september 2008
Postet av Flora Cykleklubb den 14. Sep 2008
Det var flotte forhold og ei fin, men krevande løype dei 30 veteranane frå Hordaland og 3 besøkande frå Sogn og Fjordane var igjennom denne søndagen. Løypa på 14 kilometer vart sykla 6 ganger og med ein bratt bakke like før målpassering skilte den også syklistane frå kvarandre.
Gjestane frå Sogn og Fjordane sette sitt preg på rittet og vart belønna med gode plasseringer i M40-44 klassen. Geir Orrestad frå Sogn CK vart nr.2 og Geir Kristiansen frå Flora CK tok 3.plassen. Dette heldt også til 4. og 5.plass totalt.
Sammenlagtvinnaren i Norgescupen for veteraner Bjørn Christian Larsen, Bergen CK var sterkast i siste bakken og vart kretsmester i denne klassen. Han var henholdsvis 10 og 19 sek. før dei 2 Geir`ane.
Resultata finn du her:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.