Referat frå årsfest 2011
Postet av Flora Cykleklubb den 20. Nov 2011
Ein rikhaldig buffet metta alle munner. Spesielt fekk dei mange ulike lakserettane mykje skryt. Pizzabordet var også ein sukksess.
Heidersteikn vart delt ut i desse kategoriane:
Årets ungdom: Marius Langø
Årets ildsjel: Rune Horgen
Årets senior: Geir Kristiansen
Tidlegare har Flora CK utnevnt Arnljot Johansen (2010) og Ruth Grønnevik (2000) til æresmedlem. I år vart denne heideren også gjeve til Dagmund Ramsdal, Rita Gamlestøl og Rune Horgen. Alle for lang og tru teneste for klubben.
Lotteriet hadde premier til nesten alle dei frammøtte. Det var Marianne Langedal som stakk av med hovudpremien, som var ein sykkel frå Strandgata Sport.
Ståle Klakegg var årets konfransier
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.