Bli med på guidet topptur til Steinegga 1165 moh!

Bli med på guidet topptur til Steinegga 1165 moh!


Arrangør: Vestland Bedriftsidrettskrets
Påmeldingsfrist: 11.03.2022 10:00

Tid


Sted


Pris

Påmelding fra kr 600,-

Bli med på guidet topptur til Steinegga 1165 moh!

Det er meldt bra ver til helga. Bli med oss på topptur med erfarne guider og fantastisk utsikt! 

Tidspunkt: Laurdag 12. Mars kl. 11.00

Stad: Oppmøte kl 11:00 på rasteplassen på Svidalsneset

Pris: 600,- pr. person. 

Minimum 5 deltakarar for at turen vert gjennomført.

Nivå: Middels lett tur som passar for nybegynnarar

Kort  2 – 5 timar. Ligger på nordsida av Jølstravatnet. Lett og kort tur som passar godt for heile familien. Oppstigninga er sørvend og ligger i solsida heile skisesongen. Byr på fin utsikt til dei mektige og populære toppturfjella på Ålhus (Syskarnipa, Skåhammersegga og Godtalsnipa).

Turen startar med toppturparkeringa like vest for Bergselva i Svidalen. Går aust for Bergselva opp til traktorvegen som går til Gamlestøylen. Deretter svingar den nordaust før støylen inn i ein dal. Innerst  i dalen følgjer ein ryggformasjon som går nordover opp til Steinegga. Nedkøyringa er i same rute som oppstigninga. 

Utstyr: Ski, bindingar med gåfunksjon, feller, skistøvlar med gåfunksjon og teleskopstavar
Klede: Ullundertøy, genser, lue, hals/buff, vindtett yttertøy, skredsøkar, solbriller og lette hanskar.
I sekken: Spade, søkestang, dunjakke, hjelm, skibriller, hanskar til nedkøyringa, mat og drikke. 

Ved opptil 7 påmeldte vil det vere med ein guide. Frå 8 til 15 påmelde stiller vi med 2 guidar.

Vi tar forbehold om vær og føreforhold. Turmålet kan derfor på kort varsel bli endret. Informasjon vil bli sendt ut til påmeldte.  


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.


Andre arrangementer fra Vestland Bedriftsidrettskrets