Topptur til Bolsetnipa i Jølster

Topptur til Bolsetnipa i Jølster


Arrangør: Vestland Bedriftsidrettskrets
Påmeldingsfrist: 02.04.2022 11:00

Tid


Sted


Pris

Påmelding fra kr 600,-

Velkommen til Topptur til Bolsetnipa 1214 moh

Bedriftsidretten Vestland arrangerer i samarbeid med Olav og Carl fra Jølster Adventure topptur til Bolsetnipa.

Tidspunkt: 2 april kl. 11:00 - ca 17:00. 

Stad: Oppmøte på parkeringsplassen framfor Thon hotell Jølster

Pris: 600,- pr. person. 

Minimum 5 deltakarar for at turen vert gjennomført.

Nivå: Lett tur som passar for nybegynnarar

Bolsetnipa er ein lett tilgjengeleg topp som ligg i nærleiken av Skei i Jølster. Snillaste og mest familievennlege bakkane i Skei område. Fin utsikt til trange dalføre, Jostedalsbreen og Jølstravatnet. Passar for alle generasjonar. På toppen er det flott utsikt over Jølstravatnet, Våtedalen og Stardalen. Turen egnar seg for dei som synes at andre turar i området vert for bratt og krevjande. 

Til påske er det vanlig at bomvegen opp til «Dammen» blir brøyta. Då kan vi køyre opp dit og gå vidare derfrå. Før påske må vi gå opp bomvegen. Tidsforbruk er 3-4 timar når vi går fra Dammen og 5-6 timer når vi må gå opp heile bomvegen. 

Utstyr: Ski, bindingar med gåfunksjon, feller, skistøvlar med gåfunksjon og teleskopstavar.
Klede: Ullundertøy, lue, hals/buff, tynn jakke med gode pustegenskaper som gir beskyttelse mot vind og lette regnbyger eller genser, skallbukse/skibukse, solbriller og lette hanskar.
I sekken: Dunjakke, hjelm, skalljakke, skibriller, hanskar til nedkøyringa, mat og drikke. 

Ta gjerne med skredutstyr om du har, men dette er ikke påkrevd på denne turen.  

Vi tar forbehold om vær og føreforhold. Turmålet kan derfor på kort varsel bli endret. Informasjon vil bli sendt ut til påmeldte. 



Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.


Andre arrangementer fra Vestland Bedriftsidrettskrets