Bruk hue! Bruk lys!
Postet av Flora Cykleklubb den 5. Des 2006
Vintertrening på Barneskulen, fredagar 1800-1930
Postet av Flora Cykleklubb den 9. Nov 2006
Då er vi i gang med innetrening i gymsalen på Barneskulen. Trenar er Rune Horgen. Det er lagt opp til sirkeltrening samt ergometersykkel. Vi fekk ein pangstart fra første trening med ca 25 treningsvillige unge og gamle syklister.
"Ei slik styrkeøkt i veka er eit kjempe suplement til anna kondisjonstrening. Ein må ha litt styrke og spenst sjølv på sykkelsetet" seier syklande trenar Rune Horgen.
Det er lagt opp til at denne treninga skal gå fast kl 1800-1930 på fredagar. Ein må melde seg inn i FloraCK for å være med, men du er hjarteleg velkomen til ein prøvetime eller to. Sjå på denne sida for inmeldings informasjon.
Treninga vert lagt opp med styrke og spensttrening i ei sirkel-løype. Høg intensitet og effektiv trening. Klubben har og kjøpt inn ergometersyklar slik at ein kan dele gjengen i to grupper. Avslutningsvis vert det ei økt med ballspill.
PS for vaksne: Treninga passar like godt for aldrande mosjonistar som spreke ungdommer. På første treninga var vi omlag 40% vaksne, og ein treng ikkje være syklist for å være med.
Birkebeinerløpet 2006
Postet av Flora Cykleklubb den 5. Okt 2006
Plass | Navn | Klubb | Startnr. | Tid |
Klasse: M45, (Menn 45 - 49 år) | Makstid: 01:44:58 | |||
15 | Ramsdal, Dagmund Andor | Eikefjord IL | 3199 | 01:31:48 |
Klasse: M30, (Menn 30 - 34 år) | Makstid: 01:42:32 | |||
79 | Johansen, Mikael Stavø | Flora C.K. | 1471 | 01:39:35 |
Klasse: M35, (Menn 35 - 39 år) | Makstid: 01:43:56 | |||
156 | Horgen, Rune | Flora Ck | 1793 | 01:44:19 |
Klasse: M40, (Menn 40 - 44 år) | Makstid: 01:46:26 | |||
249 | Ramsdal, Otto Svein | Flora Cykleklubb | 2614 | 01:52:56 |
Klasse: K30, (Kvinner 30 - 34 år) | Makstid: 02:02:33 | |||
50 | Grønbukt, Lise | Widerøe BIL | 990 | 02:05:49 |
Ståle, Jan og Arild på tur i Alpene 2006
Postet av Flora Cykleklubb den 17. Aug 2006
På Europas tak
|
Andre sykkelritt 2006
Postet av Flora Cykleklubb den 17. Aug 2006
Fanaråken Duatlon 2006
Postet av Flora Cykleklubb den 14. Aug 2006
Tre hardhausar frå Flora var med på dette spektakulere arrangementet. Mikael Johansen, Norunn Stavø og Magnar Solheim tok den harde turen frå Skjolden nede ved Lustrafjorden til Fanaråken som rager 2068 luftige meter over havet. Dei fekk ein "flott" tur i godværet.
Løpet er ei kraftprøve av dimensjonar. Løpet startar med 16km sykling frå Skjolden til Turagrø 875moh og deretter 8,4km løp/gange i terrenget opp til Nord-Europas høgastliggande turisthytte på Fanaråken 2068moh.
Norunn Stavø leverte eit flott resultat og vart best i si aldersklasse med tida 2:37:22, totalt sett nr 4 i kvinneklassa. Mikael kjempa om ein plass blandt dei ti beste etter syklinga, men eit skadeavbrekk i sommer gjorde ikkje godt for løpeformen og han enda til slutt eit stykke ned på lista med tida 2:17:39. Magnar Solheim kom inn på tida 2:29:52
Jotunheimen rundt 2006
Postet av Flora Cykleklubb den 14. Aug 2006
DYSVIK Geir | Flora ck | 06:58:31 | ||||
HORGEN Rune | Flora ck | 05:04:26 | ||||
RAMSDAL Dagmund Andor | Flora ck | 16:49:14 | ||||
Trondheim-Oslo suksess og fiasko!
Postet av Flora Cykleklubb den 30. Jun 2006
Det vart på suksess og fiasko i helgas Styrkeprøve. Mikael og Dagmund var mindre fornøyd sammen med Geir som måtte bryte. Lise, Rune og eg (JPK ;) var derimot strålande fornøgde med gjennomføringen.
Noen bilder fra turen finn de her
Navn | | Tid | |
Plassering i alders gruppe | |||
Dagmund Ramsdal | | 16:30:05 | 20 |
Mikael Johansen | | 16:30:06 | 21 |
Jens Petter Kjelsnes | | 18:45:17 | 108 |
Rune Horgen | | 18:45:17 | 107 |
Lise Grønbukt | | 18:45:17 | 2 |
Mikael imponerte igjen!
Postet av Flora Cykleklubb den 12. Jun 2006
Stortalentet Mikael Johansen imponerte igjen med strålande 4.16 på Vestlandsklassikeren Bergen Voss.
Supersyklisten |
Navn | Tid / Klokkeslett | Plass Alders gruppe | |
Mikael Johansen | 4:16:46 | 9 | |
Jens Petter Kjelsnes | 5:22:30 | 106 | |
Rune Horgen | 5:22:29 | 102 | |
Lise Grønbukt | 5:44:22 | 5 | |
Terje Standal | 5:53:51 | 51 | |
Geir Dysvik | 8:02:40 | 53 |
6 syklistar frå FloraCK stilte i helga til start i sykkelrittet Bergen-Voss. Rittet er 165km langt og går langs Hardangerfjorden til Voss. Som einaste aktive deltakar frå Florø stilte Mikael Johansen til start i Ekspressgruppa. Feltet kjørte i rekordtempo heile vegen og vinnartida vart sterke 4.12.50 som er den nest raskaste i rittets 30årige historie. Mikael var med i hovedfeltet heilt til det berykta Skjervet, ei knallhard stigning på 270høydemeter ca 15 km før mål. Då gjekk det ei lite gruppe i brudd og Mikael hadde ikkje meir å gi. "Eg sleit faktisk med å holde følge i nedoverbakkane, og måtte hente inn feltet med 2-300m to gonger. Dette kosta krefter og når bruddet gjekk i Skjervet hadde eg ikkje muligheit til å følge." Seier Mikael som med tida 4.16.46 og ein 30.plass totalt (nr 9 i sin aldersklasse) likevel er godt nøgd.
PS: Vinnartida har berre 2 gongar før vore under 4.20, rekordåret 1996 med 4.02 og i 1987 med 4.18. Begge gonger med Bo Andre Namtvedt.
Jens Petter Kjelsnes og Rune Horgen sykla begge inn på sterke 5.22. Lise fekk ei god plassering ødelagt av tekniske problem, men kom likvel inn på respektable 5.44, noko som likevelholdt til ein sterk 5.plass i si klasse. Terje Standal og Geir Dysvik gjorde også ein god insats i det flotte været lang den fantastiske flotte men tøffe løypetraseen. Det var totalt 1107 deltakarar.
Mikael er forøvrig påmeld Trondheim-Oslo, Den Store Styrkeprøven, og skal sammen med Dagmund Ramsdal sykle med Ekspressgruppa til BergenCk. Så her kan det bli fleire gode resultat for FloraCK framover. Også Jens Petter Kjelsnes, Rune Horgen og Lise Grønbukt er påmeldt så deltakinga fra FloraCK er blir bra.
Statusrapport T-O oppkjøring.
Postet av Flora Cykleklubb den 29. Mai 2006
Då har dessverre Odd Arne og Tore på sporet meldt avbud grunna skade. Det er derfor 2 ledige plasser i bilen og i overnatting.
Ellers er vi andre sånn nokelunde i rute!? Mikael og JP kjørte 20mils tur på lørdag 27.mai. JP sin første langtur etter skadeavbrekk i starten av sesongen. Ein nyttig erfaring og gjennomkjøring.
Mikael, JP og Dagmund kjørte også til Sandvika på torsdag 25.mai. Ein iskald tur!!!!
Det ryktes at dei fleste andre også har hatt fine turer denne veka. Rune derimot springer rundt i sydens varme klima og lengter sikkert heim til lange kalde sykkelturer ;)
Jølster Rundt 2006
Postet av Flora Cykleklubb den 22. Mai 2006
Årets utgave gjekk vart også i år litt prega av det hustrete kalde og våte været, sjølv om sola stakk fram i målområdet. Men litt regn stopper som kjent ikkje Vestlandssyklister.
Vi var 14 stk fra FloraCK som stilte til start og var dermed klubben med nest størst deltaking. (FørdeCK hadde naturligvis flest på startstreken.)
Ein debutant og ein "veteran" var dessuten med og prega tetfeltet gjennom heile løpet.
Før start vart strategien lagt. Dei raskaste skulle "gå for gull", mens ein del av oss andre organiserte oss i gruppe rett og slett for å trene på lagkjøring men også for å støtte Lise og debutanten Erlend til ei god tid og forhåpentligvis bra plasseringer.
Både Mikael og Dagmund var med i tetgruppa heile veien. Dei var med på fleire mindre brudd, og jobba mykje i front av feltet. Mikael prøvde å rykke aleine ein kilometer fra mål, men vart innkjørt av feltet. (det var rikelig med motvind) Feltet kom såleis samla til mål og grunna rittets trasé inn mot mål er det ikkje muligheter for spurtoppgjør.
Link til komplett resultatlise:
Mikael er inne i sin første sesong som syklist og dette var hans første sykkelritt. Så dette var ein debut det står respekt av.
Resten av FloraCK kjørde samla for å lose Erlend gjennom til ei brukbar tid. Vi kjørde kjede og låg an til ei tid i overkant av 2.30 halveis. Men då velta dessverre junioren vår. Heile gruppa stoppa opp og venta. Gjekk mykje tid før vi fekk tak i rittpersonell og ordna transport, men både gutten og sykkelen klarte seg med noen skrammer. Verre er det vel kanskje med stoltheten til gutten ;)
Lise tapte ein klar seier i kvinneklassen på grunna ventinga.
Vi trilla kalde inn til mål på lunkne 2.42 Været var 8-10 grader, regn og kraftig motvind på returdelen av løpet. Men fra Vassenden og ned at vart været bedre og bedre og vad målgang skein sola.
Jon Sverre var også innblanda i velt og måtte bryte tidlig i løpet. Han var innom sjukehuset for kontrol, og slapp visst fra veltet uten brudd i allefall. Meir veit eg ikkje på dette tidspunkt.
Hanne-Sofie stilte til start på lånt sykkel som var minst 2 nr for stor. Desverre måtte ho bryte, grunna punktering. Men friskt å stille opp i regnværet og håper blir med neste år.
Også i år vart det delt ut "den gode samaritan" pris til FloraCK. I år var det undertegnede som fekk navnet sitt på plaketten, men dette er jo sjølvsagt ein gruppe pris. Heile gjengen venta slik at vi kunne fullføre i samla tropp :) Legger inn et bilde av den her slik at den også kan fungere som trøstepremie til Lise og Erlend.
JPK
Bergen-Voss
Postet av Flora Cykleklubb den 22. Mai 2006
Målet for 17h gruppa er under 5 timer, og 19h gruppa skal kjøre for ei tid rundt 5.30. Dette blir eit ledd i å trene samkjøring og bli kjent med syklistane fra Bergen.
Terminliste 2006
Postet av Flora Cykleklubb den 29. Mar 2006
Terrengsykkelritt 2006
- 10. juni, Raumerrittet, www.raumerrittet.no
- 10. juni, Nordsjørittet, www.nordsjorittet.no
- 17. juni, Farrisrunden, www.farrisrunden.no
- 17. juni, Nibberittet , www.frafjordtilfjell.com
- 24. juni, Hallingrittet, www.hallingrittet.no
- 1. juli, NM Marathon/Bukkerittet, www.bukkerittet.com
- 2. juli, Isfjorden rundt, 40km.
- 29. juli, Skarverittet, www.geiloil.no
- 5. august, Grenserittet, www.grenserittet.com
- 12. august, P4 rittet, www.p4rittet.no
- 13. august, Svartløkken Offroad. 40 km
- 26. august, Birkebeinerrittet 89km
- 9.september, Alperittet på Stranda
Landeveisritt 2006
- 23. april, Kvalifisering Paris-Brest, 200km
- 13. mai, Kvalifisering Paris-Brest, 300km
- 27. mai, Kvalifisering Paris-Brest, 400km
- 10. juni, Kvalifisering Paris-Brest, 600km
- 21. mai Ålesundsrittet 80km
- 21.mai, Jølstrarittet, Førde 90km
- 28. mai, 6-vatn Runden, Voss 90km
- 28.mai, Fanetrampen, Molde 90km
- 10.juni Bergen-Voss, 170km
- 18.juni, Gullfjellet Rundt, Bergen
- 23. juni, Trondheim-Oslo
- 23. juni Lillehammer-Oslo
- 7.juli, Jotunheimenrundt
- 8.juli Lillejotunheimen
Paris-Brest-Paris
Postet av Flora Cykleklubb den 29. Mar 2006